Damvoktaren 1920

Brakka på Sletterust,i dag kalla»Damvoktaren»,var blandt dei største brakkene som Tyinfaldene bygde,med plass til omlag 30 mann.Den var truleg bygd mellom 1911 og 1917,mest truleg i 1914.Byggherre var anten Toftegård frå Bergen,eller eit ukjent firma frå Ålesund.Det er rimeleg å tru at matrialane er tekne opp på Toppen(1000 meteren) med taubane,og bore derifrå til Sletterust.Det vart sett opp omkring 30 brakker frå Saltviki på Årdalstangen til Tyinosen.»Damvoktaren» på Sletterust er den einaste brakka som er att.Eit monument frå svunne tider,og verdt å ta vare på.

I huset var det opphaveleg 2 soverom ,matsal og kjøkken i fyrste høgda.For å koma opp i andre høgda,måtte ein gå opp ei trapp på utsida av huset mot syd.Oppe var det ein stor sovesal og nokre små rom.Eit av desse romma var «kneppen»,dette var soverommet til kokkene.Proviantsjefen hadde eige rom oppe,,og ein av dei eg veit om var Oskar Hjelle.Han hadde rommet som vender mot «Skivaren» og mot «Syne».Proviantsjefen hadde høg status.Maten lagra dei i tunnelen,som hadde stabil temperatur.
Det var to kokker,dei hadde krav på det når det var meir enn 18 mann i brakka.Kokkeløna var 28kr.pr.månad.Maten var god,det vart servert frukost,middag,kveldsmat og nistepakke.Det vart hevda at enkelte fekk servert kaffi på senga og`.

Telefon med omverda fekkdei i 1917.Elektrisk straum vart framførd omkring 1920.
På Sletterust hadde leiinga si eiga brakke.På folkemunne kalla «Messa»(bilde),den sto omtrent der som «Nye Damvoktarboligen»står i dag.Av ein eller anna grunn så hadde «Messa» sin eigen farge,den var grønaktig,i motsetnad til alle dei andre brakkene som var raude.
Nokre av dei siste som budde fast i huset var familien Hauge.Torleiv(Tolle) og kona Margit.Tolle vart tilsett som damvoktar i 1947.Sonen Olav,som og budde i huset vart tilsett som damvoktar i 1951.Dei budde i huset fram til hausten 1959 då dei flytte inn i den «nye damvoktarboligen».Frå 1966 då dei flytte ned i bygdi,har det ikkje vore stasjoner damvoktar på Sletterust

Olav Midtun

Veg til 1000-meteren